Kjærleik Faktisk

Kjærleik Faktisk

Edderkoppen Scene, St.Olavs plass 1, 0165 Oslo Directions

Thu Dec 10 2026 20:30

<> seier statsministeren i julefilmklassikaren Love Actually ... dersom den hadde vore skriven på nynorsk, altså! Og det har vi gjort -- for tredje gong! Men denne gongen tek vi steget frå fjorden og opp på scenen: Etter to år med kjærleik på SALT er Kjærleik Faktisk tilbake i ein ny og endå sprekare versjon -- no på Edderkoppen Scene. Dette er framleis ei heimesnekra, lettbeint og leikande framsyning med alle dei kjende og kjære karakterane frå verdas mest ikoniske julefilm, men med endå større rom for spelarglede, overraskingar og nynorsk julestemning. Kven fell for kven? Kven drit seg ut? Og kor mykje meir absurd kan eigentleg kjærleiken bli når han blir omsett til nynorsk og flytta til norske tilstandar? Du får att sjå både statsministrar, forelska tenåringar, håplause romantikarar og ikoniske augneblinkar, alt servert med glimt i auget, skråblikk på originalen og ein solid dose sjølvironi Arrangementstidspunkt/konsertstart : 20:30 Dørene åpner : 15 min før Varighet : 120 min Servering : Kiosk Mat Alle rettigheter Aldersgrense : 13 Ledsager : betaler ordinærpris Rullestolplass finnes ytterst på rad 16 på begge sider Gruppesalg