Konsert med Erle Fonneland

Konsert med Erle Fonneland

Solbakken 9, 5450 Sunde, Norway, , 5450 Sunde i Sunnhordland Directions

Sat 05.09.2026 19:00

Med to kritikarroste plater i bagasjen og eit godt fotfeste i den norske jazzscena, kjem Erle Fonneland endeleg heim til Sunde for å halda konsert i Bergslagen!

Erle Fonneland er ein vokalist og komponist som trass sin unge alder har markert seg på den norske jazzscena. Debutalbumet, Komorebi, førte henne til Oslo Jazzfestival 2025, som ein del av programmet Oslojazz Talent. Same år vann ho «Jazz i Sikte», med prosjektet som resulterte i andreplata Valør, og spelte konsertar på Nattjazz, Sildajazz og Lyse Netter.

Nyleg vart Erle Fonneland tildelt «Kryssover-prisen 2026» under årets Kryssover Jazzfest, for sitt mangfaldige uttrykk - som komponist, tekstforfattar, produsent og vokalist.

Erle Fonneland – Vokal/Komposisjoner Torbjørn Säll – Keys/Synth Ole Martin Rosvold Haugen – Trompet/Bukkehorn Andreas Zwartjes – Bass Frederic Broadhurst – Trommer

ARR: Husnes Jazzklubb & Sunde kyst- og litteratursenter

Performers

  • Sunde Kyst og Litteratursenter
    Sunde Kyst og Litteratursenter

    Sunde kyst- og litteratursenter jobbar med bevaring, dokumentasjon og formidling av materiell og immateriell kystkultur, båtar og bøker, frå Sunnhordland og omland.

    Billettsal: https://bergslagen.hoopla.no/

    Kontakt: [email protected]